Facebook pixel
Til innholdet

Invester i eiga framtid – tilpass bustaden din!

Mange trapper til inngangsdøra di, høge tersklar mellom romma, eit lite bad med dusjkabinett eller soverommet i andre etasje. Det er kanskje ikkje til hinder for deg i dag, men kva om 10-15 år?

Artikkelen er skrevet av Monica Ketelsen, Sigbjørn Spurkeland og Torstein Syvertsen i Husbanken.

I gjennomsnitt har vi nordmenn brukt 34 000 kroner per husstand på oppussing i 2019. Kvar tredje nordmann mellom 65 og 74 år, og kvar femte over 75 år, har gjennomført oppussingsarbeid det siste året. Sjølv om mange svarer at bustaden er dårleg skikka for ein situasjon der ein får bevegelsesvanskar viser forsking at det er få som vel å tilpasse bustaden når ein likevel pussar opp.

Er du ein av dei mange som skal pusse opp bustaden din det kommande året, kan du i same slengen vurdere å gjere nokre grep slik at du kan bu heime uansett livssituasjon. Det vil gje deg og dei som kjem på besøk ein meir brukarvenleg og framtidsretta bustad – og så kan du samstundes kvalifisere for gunstig finansiering frå Husbanken, kommunen og NAV.

Kva type finansiering du kan få vil variere med ditt noverande behov for tilpassing og økonomien din.

Nokre ordningar er ikkje behovsprøvd, som lån til oppgradering og tilskot til heis, medan nokon, som startlån og kommunale tilskot til etablering og tilpassing er det kommunen som vurderer behovet. Nokon ordningar må ein ha noverande behov for å kvalifisere til, som tilskot til tilpassing og tilskot frå NAV i staden for hjelpemiddel.

Ordning for førebyggande tiltak

Skal du gjere større tiltak er lån til oppgradering frå Husbanken ei aktuell ordning.

Lån til oppgradering har ei rente på 2,755 prosent (mars 2023). Tiltak som vil gjere at du kan få lånet er:

  • betre tilkomst til bustaden din som vil gjere at ein ikkje lenger treng å bruke trapper
  • bygge om eller bygge på slik at du får soverom, bad, stove, kjøkken og inngangsparti på inngangsplanet
  • utbetre baderommet slik at det blir brukbart også for dei med behov for hjelpemidlar

Bur du i ei bustadblokk på tre etasjar eller meir utan heis, er det moglegheiter for å tilskot til å få etterinstallert heis. Eit heisprosjekt kan få inntil 50 prosent tilskot av kostnaden for heisinstallasjonen eller prosjektering i forkant. Den resterande summen kan finansierast med lån til oppgradering.

Lurar du på meir om dette, kan du lese meir i rettleiaren for lån og i eigen rettleiar for heistilskotet. Du kan også kontakte ditt regionale Husbanken-kontor for å vite meir.

Mann bærer to pappesker mens han går ned en trapp.

Soverommet i andre etasje er kanskje ikkje til hinder for deg i dag, men kva om 10-15 år? Foto: Getty Images.

Du vil tilpasse bustaden, men kan ikkje få lån i vanleg bank

Det å tilpasse bustaden kan ofte koste ein del og for mange kan det verte for dyrt. Om du har behov for å tilpasse bustaden din, men ikkje kan få lån i ein vanleg bank, kan du søkje startlån frå kommunen for å finansiere tiltaket. Det er også mogleg å søkje kommunen om tilskot til tilpassing.

Du kan lese meir om startlån og tilskot på Husbanken sine nettsider.

Du har behov for større tilpassingar for å bli buande heime no

Om du i dag bur i ein bustad som gjer det vanskeleg for deg å klare deg i kvardagen, og har behov for bistand frå heimetenesten eller har rett på hjelpemiddel frå NAV, kan du ha rett på tilskot.

Kommunane har lovpålagt oppgåve å vurdere tilskot til tilpassing om du har behov for små eller større ombyggingar og tilpassingar av bustaden, alt frå å fjerne tersklar til større ombyggingar.

Du kan også søkje kommune om tilskot til utgreiing -og prosjektering. Føremålet med tilskotsordningane er å få utgreidd og kartlagt kva for mogelegheiter og avgrensingar som finst når det gjeld tilpassing av bustader og som kan bidra til gode varige løysingar til nøkterne kostnader. Ei undersøking på førehand og prosjektering av ein mogeleg løysing i ein bustad, vil auke kvaliteten på den fysiske tilpassinga og dermed kunne gi auka effekt av tilskot til tilpassing.

Etterspør meir informasjon frå bustadkontoret eller ergoterapitenesta i kommunen din.

Har du rett på eit hjelpemiddel, som for eksempel rampe eller løfteplattform for å komme deg inn i bustaden din kan du få tilskot i staden for å installere hjelpemiddelet. Då kan du få eit tilskot inntil det som hjelpemiddelet hadde kosta. Dette vil gje ei varig løysing som er meir estetisk.

Les meir om tilskotsordninga på NAV sine heimesider