
Artikkelen er skrevet av Husbanken
Dei fleste ønskjer å kunne bu heime så lenge som mogleg. Ved å gjere nokre grep i bustaden kan du få ein heim som er enklare og tryggare å bu i også når behova endrar seg.
Husbanken gir tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad. Du kan søkje dersom du har fylt 62 år og er folkeregistrert i bustaden. Både private bustadeigarar og leigetakarar i ein heilårsbustad kan få støtte.
Før du set i gang med tiltak, er det lurt å sjå på bustaden med nye auge. Er det mogleg å tilpasse han slik at han fungerer godt også dersom det blir vanskelegare å gå i trapper, røre seg rundt eller bruke badet? Eller vil det vere meir føremålstenleg å flytte til ein bustad som passar betre?
Du kan søkje om tilskot frå Husbanken til å:
- lage trinnfri tilkomst til bustaden
- samle nødvendige rom på inngangsplanet
- gjere det lettare å bevege seg rundt i bustaden
- gjere badet enklare å bruke
- gjere bustaden tryggare og/eller støtte evna bebuarane har til å fungere i kvardagen
- gjere terreng- og/eller bygningsmessige endringar etter vedtak frå Nav
Dei samla kostnadene for tiltaka må vere på minst 40 000 kroner. Du kan få maksimalt 75 000 kroner i tilskot.
Kva du bør gjere, kjem an på bustaden og behova dine.
Det kan for eksempel vere aktuelt å bygge om eller på huset for å få eit tilgjengeleg inngangsparti med jamt underlag, utan hindringar og med dører som er breie nok til at ein rullestol kjem gjennom.
Du kan også gjere endringar slik at nødvendige rom som soverom, bad eller toalett, vaskerom og kjøkken ligg på inngangsplanet.
Andre tiltak kan vere å utvide døropningar og fjerne tersklar, eller å byte ut badekar eller dusjkabinett med ei trinnfri dusjnisje. Betre plass rundt toalett og servant kan gjere badet enklare å bruke.
Det kan òg vere aktuelt å forsterke veggar slik at det seinare er moglegå montere handtak, sete eller armstøtte.
Tilskotet til aldersvennleg oppgradering er éi av fleire ordningar somkan vere aktuelle dersom du vil tilpasse bustaden.
Ordningane kan utfylle kvarandre, og i nokre tilfelle kan du bruke dei saman. Fleire ordningar kan bidra til å finansiere det same prosjektet, så lenge dei ikkje dekkjer dei same utgiftene.
Startlån frå kommunen kan vere ei moglegheit dersom du treng ein meir tilpassa bustad og ikkje får finansiering i privat bank. Startlånet har inga øvre aldersgrense.
Du kan bruke lånet til varige tilpassingar som gjer det mogleg å bu heime lenger dersom helsa eller funksjonsevna endrar seg. Du kan også søkje om startlån dersom du ønskjer å vere føre var og tilpasse bustaden med tanke på åra som kjem.
Dersom det ikkje er føremålstenleg å tilpasse bustaden du bur i, kan dubruke startlånet til å kjøpe ein meir tilgjengeleg bustad.
Det er kommunen du bur i som behandlar søknaden. Kommunen vurderer mellom anna inntekt, betalingsevne og den noverande bustadsituasjonen din.
Les meir om startlån frå kommunen
I nokre tilfelle kan du få tilskot frå kommunen, med eller utan anna finansiering, dersom du må gjere endringar eller tilpassingar i bustaden. Det er kommunen som tildeler tilskotet. I nokre tilfelle kan du kombinere tilskotet med startlån.
Kor stort tilskot du kan få, avheng mellom anna av kva midlar kommunen har tilgjengeleg, moglegheita for støtte frå andre offentlege ordningar og ei samla vurdering av økonomien og behova dine. Det er ikkje alle kommunar som set av midlar til kommunale bustadtilskot.
Du kan bruke tilskotet til:
· Utgreiing: kartlegging av tilgjengelegheit,moglegheiter og arealbehov i bustaden, ved tilkomsten og i uteområdet.
· Prosjektering: fagleg bistand frå til dømes ein arkitekteller ein annan fagkyndig til å finne og prosjektere ei løysing.
· Tilpassing: enkle tiltak eller større ombyggingar som gjer bustaden betre tilpassa behova dine.
· Etablering: kjøp av ein ny og tilgjengeleg bustad dersom det ikkje er mogleg eller føremålstenleg å tilpasse bustaden du har.
Ta kontakt med kommunen din for å finne ut om kommunen har sett avmidlar til bustadtilskot.
Les meir om kommunale bustadtilskot
Har du eit konkret behov for å tilpasse bustaden, kan det vere lurt å ta kontakt med Nav Hjelpemiddelsentral i fylket ditt. Ergoterapeuten i kommunen kan hjelpe deg i prosessen og vurdere kva tilpassingar som er nødvendige for at bustaden skal fungere dersom funksjonsevna endrar seg.
Har du rett til eit hjelpemiddel, som rampe eller løfteplattform for å komme inn i bustaden, kan Nav innvilge tilskot i staden for å installere hjelpemiddelet.
Tilskotet kan då inngå i ein felles finansieringsplan saman med startlån og/eller kommunale bustadtilskot. Tilskot gir ofte betre og meir varige løysingar enn utlån av hjelpemiddel.
Les meir om hjelpemiddel og tilskot frå Nav
Du kan søkje om lån frå Husbanken til å oppgradere bustaden.
Hovudregelen i dag er at oppgraderinga skal vere så omfattande at ho både reduserer energiforbruket og aukar tilgjengelegheita vesentleg.
Husbanken gir ikkje lån til generelt oppussingsarbeid. Slik oppussingkan inngå i ei større oppgradering så lenge energieffektivitet og tilgjengelegheit utgjer hovudvekta av arbeidet.
Husbanken kan også gi lån til omfattande og gode tiltak som:
· ettermontering eller oppgradering av heis
· tilgjengeleg og synleg inngangsparti
· tiltak som gjer at alle nødvendige bustadfunksjonarer på inngangsplanet
· utbetring av baderom
Reglane for lån til oppgradering er under revisjon. Forslag tilendringar har vore på offentleg høyring i 2026, og det vil truleg komme endringar i 2027.
Bustøtte er ei støtteordning som hjelper personar med låg inntekt å betale buutgiftene sine.
Dersom buutgiftene dine aukar fordi du har teke opp lån for å tilpasse bustaden, kan det vere lurt å undersøke om du kan få bustøtte. Ta kontakt med kommunen dersom du treng hjelp til å søkje.
Det kan vere fleire måtar å finansiere ein bustad som også fungerer betre for deg i åra framover.
For nokre vil tilskotet til aldersvennleg oppgradering vere nok. For andre kan ein kombinasjon av tilskot, lån og støtte frå Nav Hjelpemiddelsentral eller kommunen gjere det mogleg å gjennomføre ei betre og meir heilskapleg løysing.
Du kan ikkje få støtte frå fleire offentlege ordningar til å dekkje den same kostnaden i prosjektet. Dersom du bruker fleire ordningar, må det vere tydeleg kva delar av prosjektet og kva kostnader dei ulike ordningane skal finansiere.
Det kan derfor vere lurt å undersøke moglegheitene før du bestemmer deg for kva du skal gjere med bustaden.